onsdag 4. mars 2009

Nynorsk litteratur


No har vi starta med nynorsk i åttande. Eg er sjølv glad i nynorsk, men merkar at eg les lite nynorsk rett og slett fordi det finnest få aktuelle tekstar på nynorsk. Nettopp det trur eg er grunnen til at så mange elevar meiner at nynorsk er vanskeleg. Det er sjeldan dei må lese noko på nynorsk, med mindre dei er på hytta ein laurdagskveld og blir nøydd til å sjå "Med hjartet på rette staden" i mangel på andre kanalar enn NRK.
Om ein vil lese meir enn berre teksting, kan ein sjekke ut http://www.magasinett.no/. Der finn ein ulike typar tekstar på nynorsk, blant anna filmmeldingar, små artiklar og fleire kåseri av Are Kalvø.

Når det gjeld nynorsk skjønnlitteratur, har vi ei eiga hylle på biblioteket, og der finn du mykje bra! Skammarserien av Lene Kaaberbøl er bøker som mange likar så godt at dei gløymer at dei les nynorsk..... Kaaberbøl er dansk, men bøkene er omsett til nynorsk.
Ei anna bok som har fått mange lesarar er "Saman er ein mindre aleine" av den franske forfattaren Anna Gavalda. Boka handlar om tøffe, men skjøre Camille, den einsame Philibert, kokken Franck og mormora hans, Paulette. Ei fantastisk bok! I 2007 kom filmen, og på norsk heiter den då "Sammen er vi mindre alene". Eg synest tittelen var mykje betre på nynorsk enn på bokmål!

Til sist vil eg tipse om Nynorsksenteret (http://www.nynorsksenteret.no/) sin tekstbase. Der finn du sakprosatekstar i ulike sjangrar.

Prøv, og du vil sjå at nynorsk er betre enn sitt rykte:)

5 kommentarer:

  1. Ja, det er mykje god nynorsk litteratur for tida. Nynorskhylla på biblioteket blir berre meir og meir spekka, så snart må vi utvide ho.

    Det er faktisk litt kult å skrive på nynorsk for tida, og nokre forfattarar som ikkje eigentleg er nynorskbrukarar skriv bøkene sine på nynorsk. Det er tøft.
    Eksemplar på dette er Ragnfrid Trohaug(http://ragnfridtrohaug.blogspot.com/)
    og Carl Frode Tiller
    (http://cftiller.no/)

    Eg anbefaler spesielt Carl Frode Tiller -"Innsirkling". Ho står på favorittlista mi:)

    SvarSlett
  2. Anonym6.3.09

    Leselyst og Leseglede - kan det bli betre?:)
    Takk for linkane, som eg har tenkt å få sjekka ut i alle fall før eg returnerer til læraryrket;) Eg las "Innsirkling" i fjor, og blei heilt slått i bakken - men hadde gløymt at ho var skrive på nynorsk! Det er nøydd til å vere eit godt teikn, eller...?:) Frode Grytten er og ein favoritt - "Rom ved havet, rom i byen" er nydeleg novellekunst:)
    AE:)

    SvarSlett
  3. "Rom ved havet, rom i byen" er på Mammutsalg i år. Har kjøpt ho inn til biblioteket, men har enno ikkje lese ho sjølv. Eg diggar "Bikubesong" og "Popsongar". Berre konseptet er til å bli lykkeleg av!:) "Flytande bjørn" var óg god, men den har ikkje festa seg så godt til hjartet.
    Frode Grytten er ein av dei beste nynorske forfattarene vi har i Noreg i dag, synast eg.

    SvarSlett
  4. Anonym6.3.09

    Eg er enig i at "Flytande bjørn" ikkje var spesielt minneverdig - i alle fall ikkje rett etter "Bikubesong", som var heilt herleg!:) "Popsongar" sparar eg inntil vidare, slik at eg har noko å gle meg til:) Veit du om ho óg er på Mammutsalg?;)
    AE:)

    SvarSlett
  5. Nei, eg trur "Popsongar" er for gamal til å komme ut på Mammut. Har forstått det sånn at det er bøker gjeve ut for omlag to år sidan som blir lagt ut. Men den er å finne i pocket, så det er berre å kose seg med ho for 99 kr:)

    SvarSlett