Viser innlegg med etiketten Are Kalvø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Are Kalvø. Vis alle innlegg

onsdag 4. mars 2009

Nynorsk litteratur


No har vi starta med nynorsk i åttande. Eg er sjølv glad i nynorsk, men merkar at eg les lite nynorsk rett og slett fordi det finnest få aktuelle tekstar på nynorsk. Nettopp det trur eg er grunnen til at så mange elevar meiner at nynorsk er vanskeleg. Det er sjeldan dei må lese noko på nynorsk, med mindre dei er på hytta ein laurdagskveld og blir nøydd til å sjå "Med hjartet på rette staden" i mangel på andre kanalar enn NRK.
Om ein vil lese meir enn berre teksting, kan ein sjekke ut http://www.magasinett.no/. Der finn ein ulike typar tekstar på nynorsk, blant anna filmmeldingar, små artiklar og fleire kåseri av Are Kalvø.

Når det gjeld nynorsk skjønnlitteratur, har vi ei eiga hylle på biblioteket, og der finn du mykje bra! Skammarserien av Lene Kaaberbøl er bøker som mange likar så godt at dei gløymer at dei les nynorsk..... Kaaberbøl er dansk, men bøkene er omsett til nynorsk.
Ei anna bok som har fått mange lesarar er "Saman er ein mindre aleine" av den franske forfattaren Anna Gavalda. Boka handlar om tøffe, men skjøre Camille, den einsame Philibert, kokken Franck og mormora hans, Paulette. Ei fantastisk bok! I 2007 kom filmen, og på norsk heiter den då "Sammen er vi mindre alene". Eg synest tittelen var mykje betre på nynorsk enn på bokmål!

Til sist vil eg tipse om Nynorsksenteret (http://www.nynorsksenteret.no/) sin tekstbase. Der finn du sakprosatekstar i ulike sjangrar.

Prøv, og du vil sjå at nynorsk er betre enn sitt rykte:)